Why doesn’t success bring happiness? | Laura Gassner Otting | TEDxReno

00:12:36
https://www.youtube.com/watch?v=be_DhgIVqoI

概要

TLDRI dette foredraget utforsker Hanne-Sofie Akselsen Frantzen ideen om hvordan suksess kan være både vidunderlig og utfordrende, noe hun kaller 'Vidunderhelvete'. Gjennom erfaring fra sin karriere som hovedjeger har hun observert hvordan suksess ikke nødvendigvis fører til lykke og hvordan mange føler en byrde av potensialet når de når høyder de aldri trodde var mulige. Med erfaringen fra å lansere sin egen bok, beskriver hun følelsen av utmattelse til tross for suksess. Hun oppfordrer til å bruke ukomfortable følelser som verktøy for vekst, og ser suksess som en serie med små målstreker, heller enn en endestasjon. Vidunderhelvete er introduksjonen til ny personlig vekst og økt innsikt i eget potensiale.

収穫

  • ✨ Suksess kan være både vidunderlig og utfordrende, kjent som 'Vidunderhelvete'.
  • 🚀 Vidunderhelvete kan drive deg til å omfavne ditt potensiale.
  • 🤔 Ukomfortable følelser er ikke begrensninger, men invitasjoner til vekst.
  • 🔄 Suksess er ikke en endestasjon, men et vendepunkt mot ny vekst.
  • 🧩 Reisen mot suksess er en syklus av små målstreker og nye muligheter.
  • 🔍 Refleksjon over egne ambisjoner kan være avgjørende for å håndtere byrden av potensial.
  • 👥 Mange jeg jaktet etter som hovedjeger følte liten lykke til tross for suksess.
  • ☑️ Suksess innebærer en intern kamp mellom hvem du var og hvem du kan bli.
  • 🎯 Det er viktig å balansere ambisjon og helse for å unngå utbrenthet.
  • 💪 En endret indre dialog kan bidra til å møte potensialet med mot.

タイムライン

  • 00:00:00 - 00:05:00

    Foredragsholderen diskuterer opplevelsen av å streve etter suksess og hvordan denne strebenen kan føre til en tilstand hun kaller "Vidunderhelvete", hvor suksess samtidig gir både tilfredsstillelse og stress. Selv etter suksessfulle oppnåelser, oppstår en følelse av å ville oppnå enda mer, noe som ofte bringer usikkerhet og stress istedenfor tilfredshet. Foredragsholderen refererer til sin egen opplevelse etter å ha gitt ut en bok, hvor hun, til tross for å oppnå suksess, følte seg utbrent og konstant jaget av forventninger og potensial.

  • 00:05:00 - 00:12:36

    Vidunderhelvete oppstår når man innser sitt større potensial og den konstante dialogen mellom å føle seg kapabel og ute av stand. Foredragsholderen finner at suksess ikke er en endelig destinasjon, men heller et vendepunkt. Etter å ha opplevd Vidunderhelvete leter hun etter svar i selvhjelpsbøker og oppdaget at den kaotiske blandingen av følelser er en invitasjon til å utforske og forstå seg selv bedre. Dette fører til innsikten om at suksess er et kontinuerlig syklus av nye mål og vekst, og at Vidunderhelvete egentlig er et gjennombrudd, ikke sammenbrudd.

マインドマップ

Mind Map

よくある質問

  • Hva er 'Vidunderhelvete'?

    'Vidunderhelvete' er et begrep som beskriver opplevelsen av suksess som både vidunderlig og utfordrende.

  • Hva fikk foredragsholderen til å føle seg utmattet?

    Arbeidet med å promotere boken sin, inklusive mange reisedøgn og intens jobbing, førte til foredragsholderens utmattelse.

  • Hvordan håndterer man følelsen av utilstrekkelighet ved suksess?

    Foredragsholderen foreslår å se på følelsene som invitasjoner til refleksjon og ikke nødvendigvis begrensninger.

  • Hva innser de som har opplevd Vidunderhelvete?

    De innser at ukomfortable følelser er hjelpsomme allierte og nødvendige for personlig vekst.

  • Hvordan ser foredragsholderen på suksess?

    Suksess sees ikke som en endestasjon, men som et vendepunkt og en pågående syklus med mange små målstreker.

  • Hvordan kan man gjøre 'Vidunderhelvete' til et gjennombrudd?

    Ved å bruke det som en mulighet til å vokse, planlegge og lære av opplevelsen.

ビデオをもっと見る

AIを活用したYouTubeの無料動画要約に即アクセス!
字幕
no
オートスクロール:
  • 00:00:00
    Translator: Hanne-Sofie Akselsen Frantzen Reviewer: Thomas Bedin
  • 00:00:16
    Har du nokon gong fått til noko du ikkje var heilt sikker på om du kunne klare?
  • 00:00:23
    Det gjev energi, det er spennande, det er fantastisk.
  • 00:00:29
    Suksess –
  • 00:00:30
    det kjennes vidunderleg, ikkje sant?
  • 00:00:34
    Arbeidet ditt opna fleire dører enn kva du trudde var mogleg.
  • 00:00:39
    Samstundes –
  • 00:00:40
    leikar du med tanken på at det kanskje kan vere mogleg å åpne enda fleire dører –
  • 00:00:45
    noko du aldri kunne førestille deg var mogleg.
  • 00:00:47
    Og kanskje, kanskje,
  • 00:00:49
    mens du kikka gjennom dørene på det som kunne blitt,
  • 00:00:52
    tenkte du for deg sjølv, “Eg trur eg vil ha meir.”
  • 00:00:59
    I staden for at suksessen gav deg lykke,
  • 00:01:01
    fekk du høgare fart, auka svolt, større mål.
  • 00:01:06
    Og i den høgare farta, den auka svolten og dei større måla fann du òg –
  • 00:01:10
    usikkerheit, tvil på deg sjølv, angst –
  • 00:01:16
    – stress.
  • 00:01:19
    Suksess er vidunderleg,
  • 00:01:22
    men han er også eit slags helvete.
  • 00:01:25
    Kan hende er suksess eit slags Vidunderhelvete?
  • 00:01:30
    (Latter)
  • 00:01:33
    Gjennom 20 år som hovudjeger,
  • 00:01:35
    vart eg leid inn av kundane mine til å gå ut og leite for dem,
  • 00:01:38
    og rekruttere i veg på deira vegner,
  • 00:01:40
    nokre av dei mest suksessrike folka i verda.
  • 00:01:43
    Det høyrest ikkje ut som ein enkel jobb,
  • 00:01:45
    men eg vart hjelpt, for trass i all suksessen –
  • 00:01:49
    – sjølve grunna til at eg ringte dem –
  • 00:01:51
    så var dei ikkje så veldig lykkelege,
  • 00:01:52
    og difor ringde dei meg opp att.
  • 00:01:57
    Vi trur at med eitt vi har oppnådd suksess så vert alt så mykje enklare.
  • 00:02:04
    Så kvifor vert det aldri enklare?
  • 00:02:06
    Kvifor kjennes det ikkje betre?
  • 00:02:07
    Kvifor er ikkje suksess lik lykke, og kvifor kjennes det stadig –
  • 00:02:11
    som Vidunderhelvete?
  • 00:02:14
    Eg hadde min eigen Vidunderhelvete-augneblink,
  • 00:02:16
    rett etter at den siste boka mi kom ut.
  • 00:02:19
    Vekene rett før budde og levde eg om bord i fly.
  • 00:02:26
    Eg gjekk og la meg i 20 forskjellige hotellsenger,
  • 00:02:29
    eg vakna opp i 10 ulike tidssoner.
  • 00:02:32
    Då dette gjekk opp for meg, var eg 35000 fot oppe i lufta;
  • 00:02:36
    200 mil låg bak meg og eg hadde 200 mil igjen.
  • 00:02:40
    Det eineste eg visste var at ein stad mellom den skodda –
  • 00:02:43
    – som skulle vere fortida,
  • 00:02:44
    og skodda som skulle verte framtida var den staden eg var der og då.
  • 00:02:48
    Og staden eg var på,
  • 00:02:49
    var rett i ryggen og fastlåst, i eit midtsete på eit nattfly,
  • 00:02:54
    og eg var heilt og totalt utmatta.
  • 00:02:57
    Så, skulle eg lansere boka mi vel, måtte eg vere frimodig.
  • 00:03:01
    Eg ante ikkje kva eg heldt på med,
  • 00:03:02
    men eg sette meg desse sjuke måla føre, same kva.
  • 00:03:06
    Eg var stor i kjeften og lova ein god del meir enn kva eg kunne halde.
  • 00:03:12
    Dei vekene overlevde eg på ingenting anna enn kaffe og proteinsnacks,
  • 00:03:15
    og adrenalinkicket, mageskakande redsler,
  • 00:03:18
    noko eg hadde meir enn nok av.
  • 00:03:21
    Men det verka.
  • 00:03:23
    Dette som eg skapte, som eg planta, fødte –
  • 00:03:26
    som eg jagde så intenst dei vekene, månadene, åra like før.
  • 00:03:31
    Det verka.
  • 00:03:33
    Eg hadde kurs for suksess og den indre GPS-en min slo fast:
  • 00:03:37
    “Du er framme.”
  • 00:03:39
    Og eg tenkte berre, “Klart det, eg veit, sjølvsagt?”
  • 00:03:41
    (Latter)
  • 00:03:43
    Men eg var òg på tur til å verte utbrent.
  • 00:03:46
    Eg var så sliten, så veldig sliten,
  • 00:03:49
    og ein stad i kjemien mellom oppnåing og utmatting,
  • 00:03:53
    forsvann den delen av hjernen min som vanlegvis vaktar audmjukheita mi,
  • 00:03:57
    og alt eg hadde att var ein tynn liten stemme som kviskra:
  • 00:04:00
    “Han har føter.”
  • 00:04:04
    Han har føter.
  • 00:04:08
    Du kjenner kanskje att dette som tida når byrda til potensialet –
  • 00:04:13
    – kjem gåande inn i sinnet ditt, pakkar ut sakene sine og spør,
  • 00:04:17
    “Hei, så kva har du til meg, hæ?”
  • 00:04:23
    Byrda frå potensialet ditt legg vekta si på skuldrane dine,
  • 00:04:27
    og krev at du ber ho rundt med deg heile tida.
  • 00:04:32
    Det er Vidunderhelvetet ditt.
  • 00:04:34
    Og det startar i den augneblinken du innser at ideen din er lovande,
  • 00:04:39
    at han kan verte større, at du er meint for meire.
  • 00:04:45
    Egoet er no med i samtalen.
  • 00:04:47
    (Latter)
  • 00:04:49
    Det som no kjem, er eit hav av turbulente kjensler –
  • 00:04:52
    desse “naudsynte” vonder som vi har fått høyre –
  • 00:04:54
    berre høyrer med når vi skal jage etter alt som vi ønsker oss.
  • 00:04:59
    Og vi trur at vi berre må streve oss forbi og klare oss heile tida,
  • 00:05:06
    medan vi kjempar med denne endelause, att-og-fram-dialogen:
  • 00:05:10
    “Dette maktar eg! Dette maktar eg ikkje.”
  • 00:05:17
    Vi ser føre oss suksess som ein endestasjon, men det er han ikkje.
  • 00:05:20
    Vi trur at når vi har oppnådd det, er vi framme –
  • 00:05:22
    men det er vi ikkje.
  • 00:05:24
    Vi trur på lettente pengar, smult farvann, men det blir det ikkje.
  • 00:05:27
    Fordi Vidunderhelvete lærer oss –
  • 00:05:30
    at suksess slett ikkje er ein endestasjon,
  • 00:05:32
    men berre eit vendepunkt langs vegen.
  • 00:05:38
    Så med eitt eg skjønte at eg ikkje var på slutten av reisa mi, men berre midt i,
  • 00:05:42
    gav eg meg i kast med å gjere nokre heimelekser.
  • 00:05:44
    Eg leste alle sjølvhjelpsbøkene.
  • 00:05:46
    Eg leste dei som sa “knus det”, “len deg på det”, “fullfør planane”.
  • 00:05:50
    (Latter)
  • 00:05:51
    Og eg leste dei motsette,
  • 00:05:53
    som sa “slutt å sei orsak” og “vask andletet ditt”.
  • 00:05:56
    (Latter)
  • 00:05:57
    Og tilboda frå sosiale media var ikkje stort betre.
  • 00:06:00
    Der var dei, gutar med bakoversleik, muskuløse pornokarar,
  • 00:06:03
    hastande i veg for å skrive under på den neste avtalen sin, javisst.
  • 00:06:07
    Og dei linkledde influensarane,
  • 00:06:10
    som sa at eg må følgje lidskapen min,
  • 00:06:13
    at eg vil finne lykka,
  • 00:06:15
    om eg berre pustar gjennom dei rette energikrystallane.
  • 00:06:18
    (Latter)
  • 00:06:19
    Ein energikrystall – kva er no det, eigentleg?
  • 00:06:23
    Ingenting av dette verka,
  • 00:06:24
    og eg gjettar at ingenting av dette verker for dykk heller.
  • 00:06:27
    Det verka heller ikkje for dei tusentals leiarane eg guida,
  • 00:06:30
    gjennom gedigne livs- og karriereendringar,
  • 00:06:32
    i dei 20 åra som hovudjeger.
  • 00:06:34
    Og det verka verkeleg heller ikkje for dei nær 100 glastak-knusarar –
  • 00:06:38
    – olympiske meistrar, gründerar,
  • 00:06:41
    og kvardagslege folk som deg og meg,
  • 00:06:44
    som eg leita opp for å intervjue for å finne vegen ut av Vidunderhelvete.
  • 00:06:48
    Dei fortalde alle korleis dei gjorde ting dei trudde var omoglege.
  • 00:06:53
    Og kvar og ein av dei fortalde meg og at i alle fasar og alle steg,
  • 00:06:58
    opplevde dei eit kvelande bedragersyndrom,
  • 00:07:01
    tvil, sårbarheit, usikkerheit, avundsjuke, utmatting – og utbrendheit.
  • 00:07:07
    Men kvar og ein av dei kom seg likevel over til den andre sida og betre.
  • 00:07:11
    Så, korleis gjorde dei det?
  • 00:07:15
    Tre steg:
  • 00:07:16
    Først forsona dei seg med ambisjonane sine.
  • 00:07:21
    Veit de kvifor interne kandidater alltid sluttar om dei ikkje får jobben?
  • 00:07:25
    Det er fordi den same prosessen med å verte intervjua for den bedre jobben,
  • 00:07:30
    inneber at dei måtte, om så berre i ein augneblink,
  • 00:07:32
    svare på spørsmål i den rolla, snakke med rolla sin stemme,
  • 00:07:36
    gå med rolla sine klede,
  • 00:07:38
    og med det same dei såg delar av seg sjølv på denne nye måten,
  • 00:07:42
    vart dei aldri kvitt dette nye synet på seg sjølv.
  • 00:07:48
    Og nett som dei, kan heller ikkje du verte kvitt synet av det nye deg.
  • 00:07:53
    Kvar gong vi ser for oss suksess, til og med før vi oppnår han,
  • 00:07:56
    ser vi ein versjon av oss sjølve som vi aldri trudde reell,
  • 00:07:59
    eit potensiale vi aldri trudde mogleg,
  • 00:08:01
    eit løfte om alt vi kan verte og alt vi kan romme.
  • 00:08:05
    Det finst eit deg før du har innsett dette –
  • 00:08:08
    – og så er det deg – etterpå.
  • 00:08:12
    For det andre, dei blanda kjenslene rundt det du no har innsett –
  • 00:08:17
    – dei gode, dei onde, og dei fæle –
  • 00:08:20
    er ikkje avgrensingar, men invitasjonar.
  • 00:08:26
    For alle dei eg snakka med som hadde klart seg i Vidunderhelvete,
  • 00:08:31
    skjønte at desse ukomfortable kjenslene ikkje berre var ein del av prosessen.
  • 00:08:35
    Faktisk var dei utruleg hjelpsame allierte.
  • 00:08:39
    Så dei klarer å stoppe, reflektere over desse kjenslene,
  • 00:08:43
    lytte til desse kjenslene,
  • 00:08:45
    reforhandle relasjonen sin med desse kjenslene,
  • 00:08:48
    for vi ser desse kaotiske reaksjonane som ufortente steinar og slag –
  • 00:08:51
    ein stilltiande skal ta innover seg, skyve unna og kjempe seg gjennom –
  • 00:08:54
    – men det er ei lygn.
  • 00:08:55
    Og den lygna stopper oss frå å tene på Vidunderhelvetet vårt,
  • 00:09:02
    fordi Vidunderhelvete er opphissinga og frykta.
  • 00:09:05
    Det er gleda og usikkerheita.
  • 00:09:08
    Det er moglegheita og kaoset.
  • 00:09:11
    Og det er lovnaden og potensialet du kjenner når du ser den nye deg,
  • 00:09:16
    og du innser at den einaste som vel kva for ein deg du skal verte er –
  • 00:09:21
    – vel –
  • 00:09:22
    – deg.
  • 00:09:24
    Og det tyder at du må endre stemmen inni hovudet ditt, som åtvarer,
  • 00:09:28
    “Det her har du ikkje gjort før!” –
  • 00:09:31
    og rår deg å stikke av fra potensialet ditt – til ein som heier på deg,
  • 00:09:37
    og ropar: “Det her har du ikkje gjort før!” –
  • 00:09:39
    mens han maner deg til å springe det i møte.
  • 00:09:41
    Vidunderhelvete er teiknet på at du er på rett spor,
  • 00:09:44
    til nye moglegheiter og ny vekst.
  • 00:09:47
    Og for det tredje, Vidunderhelvete kjem attende, igjen og igjen.
  • 00:09:55
    Vi trur at ting betrer seg etterpå, at det vert enklare.
  • 00:09:58
    Alt vi må gjere er å kome forbi denne eine nervepirrande,
  • 00:10:01
    kjemp-eller-flykt-augneblinken, som om han var eit einskild,
  • 00:10:04
    eingongs, forbigåande hinder.
  • 00:10:07
    Men for alle eg snakka med,
  • 00:10:09
    det som fanst på andre sida av dette Vidunderhelvetet –
  • 00:10:12
    – var det neste, og det neste, –
  • 00:10:15
    – og om dei var heldige, det neste etter det igjen.
  • 00:10:18
    Reisene våre er ein serie av suksessar,
  • 00:10:21
    avskilde av det vi har lært og det vi har tapt i livet.
  • 00:10:26
    Det er ein pågåande syklus.
  • 00:10:28
    Det er ikkje ein stor målstrek, men ein million små målstrekar.
  • 00:10:34
    Så høyr her, eg seier ikkje at du skal akseptere det,
  • 00:10:36
    heller ikkje at du skal gjere deg sjølv hardare.
  • 00:10:39
    Det eg seier deg, er at å definere suksess som ein endeleg destinasjon,
  • 00:10:46
    tyder at du aksepterer at det finst berre ei endeleg grense –
  • 00:10:49
    – for veksten di.
  • 00:10:51
    Og alt det gjer, er å stele vekk det vidunderlege,
  • 00:10:56
    og etterlate oss berre helvetet.
  • 00:11:00
    Kva om vi omdefinerer suksess ikkje som eit sluttpunkt,
  • 00:11:07
    men som eit punkt på vegen –
  • 00:11:09
    – og let oss sjølv sitje i det djupe ubehaget,
  • 00:11:13
    det som er den einaste vegen til vekst?
  • 00:11:16
    Kva om vi ser suksess, ikkje som ein endestasjon,
  • 00:11:23
    men som ein portal,
  • 00:11:25
    ein som utvider forståinga vår av kva som er mogleg?
  • 00:11:30
    Kva om vi slutter å frykte Vidunderhelvete og stålset oss for å overleve det?
  • 00:11:35
    Og heller lærer å gle oss til det, planlegge for det, lære frå det,
  • 00:11:40
    vekse i det, og blomstre i det i staden?
  • 00:11:45
    Kva om Vidunderhelvete ikkje var samanbrotet vårt,
  • 00:11:48
    men gjennombrotet vårt?
  • 00:11:50
    For Vidunderhelvete inviterer oss til å stupe inn i det ubehaget.
  • 00:11:56
    Vidunderhelvete overtyder oss til å utvide grensene våre.
  • 00:12:02
    Vidunderhelvete driv oss til å omfamne det nye potensialet vårt.
  • 00:12:10
    Så kva vil du gjere med denne gåva, altså byrda av potensialet ditt?
  • 00:12:16
    Kva vil du gjere neste gong du finn deg sjølv i Vidunderhelvete?
  • 00:12:21
    Takk.
  • 00:12:22
    (Applaus)
タグ
  • suksess
  • vekst
  • potensial
  • utfordringer
  • personlig utvikling
  • utbrenthet
  • selvrefleksjon
  • misnøye
  • selvtillit
  • måloppnåelse